Back to the 90s

I skrivande stund er klokka nok ein gong blitt altfor mykje. Men trongen til å skrive kjem når ein minst aner det. Uansett. I dag har eg mimra med vener på fjesboka. 90-talet i fokus.

 Hugsar du tiåret...
  • Aqua og Spice Girls var heltar? 
  • der kort hår med midtskill og rufsete bak var det store? 
  • platåsko og slengbukser fekk come-back? 
  • vi gjekk med skjørt oppå buksene?  
  • Bosselini var hipt? 
  • Rednex sang om Cotton-Eye Joe? 
  • lillesøstre samla på pog? 
  • Schmeichel og Thorstvedt stod i mål, medan Cantona scora? 
  • bugg kosta 50 øre, og sukker framleis var lov? 
  • knalloransje eller grøne adidasbukser med knappar all-over var eit must?
  • Tande-P og "Allo, Allo" fekk oss til å komme i rett laurdagsmodus?
  • nedbretta kvite seilerstøvler var überkult?
  • Madonna var heltinne?
  • rubiks kube+ den blå og kvite slangen skapte hodebry?
  • walkman, kassett og VHS? 
  • Commodore 64, Amiga, Giana Sisters, Lemmings og Arkanoid?
  • lyseblå augenskygge og eyeliner (ein slapp å sminke seg etter eigne fargetonar...)
  • horn med ost, skinke og piffi i mikroen var eit herremåltid?
  • paradis og "hoppe strikk" i friminuttane?
  • ein skulle samle på ALT( både servietter, stein, blyantar, visk, glansbilete og 90210-klistremerker) 
  • Jason Donovan, Rick Ashley, Milli Vanilly, David Hasselhoff, Pearl Jam, Nirvana, GLENN MEDEIROS og Gitarkameratene var store på kvar sine felt?  
  • knepanel med burgunder tapet var i mange heimar?
Har du andre innspel til lista, så er det heilt på sin plass!


Ha ei fin veke! 


11 kommentarer:

Anonym sa...

haha, kjenner meg godt igjen:D

Adidas Buksevik sa...

Tenkte jeg skulle nevne pog, bugg & Cantona, men det va jo allerede tatt. :)

Hobie Buchannon sa...

Braffer i strandkanten og David Hasselhoff på sprang.

Anonym sa...

Hva med David Copperfield??:D

Lille Ole sa...

Børud-Gjengen skaper minner;)

Hege sa...

Oh tider assa. Når det kommer til at man samler på alt, så tror jeg fortsatt at jeg har en brødpose med viskelærstøv liggende hjemme hos mor :) Kanskje på tide å kaste det :)

Familien Hegglid sa...

Herlige minner du ramser opp her :)
Gode, gamle dager.. det var tider det.. ;)

Sang Tao - Judith sa...

Hallo knappabukser;)

Maria K. A sa...

ååå..memories:) men på spel kan du jo føya t keen4;) huske eg spelte d ganske masse. å så va d jo populært å senda gratis e-card over mail når me endelig fekk bruka dataen litt;)

Maria K. A sa...

ååå..memories:) men på spel kan du jo føya t keen4;) huske eg spelte d ganske masse. å så va d jo populært å senda gratis e-card over mail når me endelig fekk bruka dataen litt;)

Anonym sa...

herlig liste!!! TV2 i seg selv va jo ein hit!! Tenk når reklamepausane va kjekkare enn programmet!

søskenbarnet