Fredag

Elskar lukta av grønnsåpevatn og reine overflater. Likar at rosene på bordet blømar i haustmørket. Eg elskar at det heiter FREDag. Voner freden senker seg inn over deg, og du får ei herleg helg.

Fann dette FINE diktet i dag.

Skapte er vi te bera,
og lette børene for kvarandre.
Til fånyttes lever ingen.

Men våre eigne bører
skal vi bera åleine.

Stor og verdfull er sorgi
som ikkje kan delast av andre.
Men fatigsleg, liti og arm er den glede
som du vil ha åleine.

Hjelpelaus er den
som ikkje har nokon å hjelpe,
og vera god mot.

Lik tre utan sevjestraum
turkast han inn - -.

Den mannen ber tyngste børi
som ingen ting har å bera.

Frå samlinga "På Skålvekti", 1947



2 kommentarer:

Sang Tao - Judith sa...

Lukte det grønnsåpevatn og sjå deg..? Heldiggris:)

Fint bilde;)

Siri Moi sa...

Det er alltid så koselig å lese på bloggen din, du er kanongod til å oppdatere! Keep up the good work :) Fint dikt forresten...