
Hugsar du Lion Kings fraser? Det gjer eg, og ENDELEG kan eg bruke dei i "rett" land.
Etter ein laaang dag i London, sette eg meg på flyet til Kenya. Ein hyggjeleg businessmann frå Malawi var sidekamerat, og særs ivrig til å fortelje om alt eg burde vite om kontinentet. Når eg ikkje sov. For det gjorde eg store deler av den lange flyreisa. (
Heldigvis ingen masete svenskar ved sida av meg denne gong Judith!!) Nairobi var fargerik, travel og spennande. Etter to gode dagar der, sette vi kursen sørover. Stor underholdningsverdi i mine to små sidekamerater. Eg kom meg over grensa, sjølv om det ti år gamle passbilete skurra med røynda.
Tanzania er Afrika med stor A. Til trass for labre verutsikter på førehand, kan eg bekrefte at yr.no ikkje alltid er like påliteleg. Das Sonne scheint und der Himmel ist knallblau (
henta frå Bausteine)
Serengeti og Victoriasjøen ligg like ved, og som dykk kanskje veit diggar eg å vere på "kjente stader". Bavianer, sebra og gnu vandrer i nærområdet, og høner blir slakta i bakgården. I skrivande stund spaserer gekkoen over veggen framføre.
Vertskapet skårar maks i gjestfridom,og naboane likeeins. I tillegg er eg priveligert barneskulelærar her nede og. Tilpassa opplæring på høgt nivå.
Sol i januar, lesing, tur, Habari, bakgården, Chai, bokstaven L, dyr, avslapning og gode rafiki. Kan det bli betre? Hakuna Matata. Salaam.