Viser innlegg med etiketten Venner. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Venner. Vis alle innlegg

Ny hovudstad

...etter ein HERLEG ferie i London, var det Stockholm neste.
Ei nydeleg helg med gode venninner. 
...Drottninggatan leverte.
...Gamla Stan leverte.
...Det Kungeliga Slott leverte.
I det heile teke.
Vi gløymer ikkje;
...det skal ikkje stå på pengane
...Olof Palme gjekk tragisk bort 28.februar klokka 23.21
...servitøren på Stockholm steakhouse får ikkje drinks utan vidare

Gler meg allereie til neste tur jenter!


Seinsommar

Seinsommaren 2011 har hatt ustabile luftmasser her vest. Sol og regn om kvarandre. Heile tida. Det er fleire som undrar seg over om vi i det heile teke har hatt sommar i år, eller om den årstida har teke ein ufortjent pause. Eg fann varmen i Bulgaria i juli, og var svært nøgd. Men ein Italia-tur i byrjinga på september var likevel på sin plass. Eg fekk vere med å feire Jenny og Allan i Tremezzo. Det heile var magisk! Nydeleg par, vakre omgivnadar, badebasseng, Como-sjøen og fine folk. 

Feiringa var ikkje heilt slutt. Helga etter var det duka for fest i Bergen. Solveig og Even har fått ring på fing, og ein heidundrande heilaften stod for tur. Gler meg til neste kapittel i 2012!

Sånn elles er dagane fylt med gode vener, trening, barneskule, montering av møbler(arg...flatpakker!) og lesing. I helga er mødrene Kirkholm og Evensen på visitt i Stavanger. Skjønne Linnea og Samuel bergtek oss alle. Ha ei fin helg!


Kronprinsparet og vafler

Etter å ha blitt inspirert av nynorskhumorist Kalvø, snakka eg med gode vener om kva dei liker med samfunnet. Her er nokre av innspela. Har du noko å tilføye?

Hva liker jeg med 'samfunnet', åh dette var vanskelig. 
Frivilligheten i idretten,at en kan smile til en helt fremmed og få et smil tilbake,at politiet ikke er bevæpnet,at vi har rent drikkevann i springen, SINTEF, biblioteksordningen,Fabian som ordfører,at catwalk heter 'motemolo' på nynorsk, surrogatdiskusjoner med faglig tyngde, Rørospledd, Jonas Gahr Støre som kicker ass blant kollegaene, ekte turgåere som hilser i skogen, at forskning gjøres tilgjengelig for allmuen, villigheten fra staten til å utvikle elektroniske løsninger for ymse tjenester som f.eks selvangivelsen, de høye bensinprisene DET SKULLE BARE MANGLE synes jeg, de få, men dedikerte nynorskforkjemperne, landbrukssubsidiene, moods of norway, snømåkingen til kommunen -herremindetersniltgjort-, avfallsløsningene, strandloven ellet hva det heter det der som gjør at man kan gå hvor man vil, bredbånd, utenrikskorrespondenter, kollektivtrafikken når den fungerer, mikrobryggerivirksomhet, villsau, mattilsynet, permisjonsordninger, utdanningssystemet, bergensbanen ooooog. Nei, nå er det tomt. Jeg sier vafler en gang til:)




Telemark




                  Glimt frå eventyrbryllupet

Happily ever after



Fekk ei utfordring. Berthe hugs eg les til eksamen(!!)
Men du veit- eg er alltid klar for nye utfordringar som ikkje dreier seg om Laissez-Faire, Adam Smith og Terbovens rolle i Noreg.

1. Gå inn på mine bilder på PC’n
2.Velg den 4. eller 7. mappa
3.Finn frem det 4. eller 7. bildet
4. Legg ut bildet og skriv om det
5. Utfordre 6 andre

Eg fann då mi vakre venninne i nord! "I det dørene opnar seg, står eit henfallent publikum og gispar over skjønnheten" Det er over eit år sidan no, men eit heilt spesielt og vakkert bryllaup.

Eg utfordrar ikkje 6 stk, men berre Iselin. Du i Danmark ja ;-)

Ein glipp


På grunn av ukjente årsaker er innlegget der eg hylla fru Tangen på bursdagen falt bort. Derfor kjem det her. "Hurra, hurra for en fru som deg, her kommer et velfortjent innlegg fra meg. Til USA du reiste for å ta det med ro, istedet for blei det kun shopping av sko. Kom til Stavanger så snart som du kan, og du må gjerne også ta med deg din mann"

I tillegg vil eg benytte anledningen til å gratulere østlendingene Marianne og Berthe. Sweet girls getting older.

Klemmer fra "studenten" som beklageligvis har med seg PCen på lesesalen. Tone, berre kjeft når eg kjem heim.

Hurra!



Denne smarte, snille, vakre unge kvinnen hadde bursdag her forleden! Ha fine dagar i India! Gode ønsker fra meg

O Glede stor!



Det var ein gong ei ven og vakker jente, som gjekk frå Åkra til Vea. "Eg fann, eg fann!" sa jenta då ho kom til Heia. "Kva fann du no da?" " Eg fann verdens flottaste og snillaste gut" "Kva skal du med han da?" "Eg vil gifte meg med han" svara den lukkelege jenta. Og slik gjekk det til. Takk for eit nydeleg bryllup!



Anbefaler den nye CDen til Whitney..

Neste par ut...



Om vi gler oss til å sjå dette vakre paret gå saman ut Åkra gamle kyrkje på laurdag? Oh yes we do...!

Charter-jentene...



For dei som lurar;Sydenliv er både avslappande, morosamt,varmt,vått,eksotisk og framfor alt H-E-R-L-I-G!
Eg likar kåringar, så også denne gong.

TURENS
Lunsj: Rundstykke med banan
Must-have: Raki
Kjendis: Egil
Flasseplass: I panna
Restaurant: Astrea( Anbefales!!)
Kjekkas: Daniel
Gullkorn: "No toilet, we use the sea"
Varmeste: Leilighet nr.103



Viss du enno ikkje har tatt del i Spinalongas kvardag, anbefaler eg denne boka på det varmaste. Terningen viser seks prikkar. Løp og kjøp!

Trip to Borggren

Kva får du viss du tek 2 stk.eventyrlystne jenter+ Herlig vertsskap+SIMS+god drøs+ deilig mat og set saman i 3 dagar? Jovisst.Då får ein nydelig avkobling frå mobilmas,bilbulking og sommarjobb.TAKK for ein utruleg koseleg tur jenter!;-)



Ja, Livet strøymer paa meg, som det strøymde,
naar under Snjo eg saag det grøne Straa.
Eg drøymer no, som fyrr eg altid drøymde,
naar slike Fjøll eg saag i Lufti blaa.
Eg gløymer Dagsens Strid, som fyrr eg gløymde,
naar eg mot Kveld af Sol eit Glimt fekk sjaa.
Eg finner vel eit Hus, som vil meg hysa,
naar Soli heim mot Notti vil meg lysa

Som A.O.Vinje ville sagt.

Gjensynsglede



Såg nett ein dokumentar på NRK om Christian. Med denne snutten vil eg samtidig ynskje dykk alle ein GOD SOMMAR:-)

Together again



Så var vi atter ein gong samla. 5 år eldre. Noko har skjedd, noko har ikkje skjedd. Gjensynsgleda var uansett stor. 3AØ og 3P anno 03/04 var sjølve kremen på gulrotkaka i følgje ryktene. Bomberommet var gjort om til ein særdeles koseleg kafè sidan sist, og "Kva-gjer-du-på-no"spørsmål, sjå-på-bilete-med-påfølgjande-latter og anna mimring var DIGG! Vi hadde visst sakna at dei ulike måltida var dagens høgdepunkt, og at køkultur i matsal ikkje eksisterte. Vi hadde og sakna å gå i slippersar midt på vinteren, og at døgnets adrenalinkick var å vere utendørs etter klokka 23...

Kva er DINE beste minner frå internatlivet?

Heppi børsdai to Judith og Torunn...


HURRA-stemninga vil ingen ende ta...
I dag er det desse to som fortener
ekstra merksemd frå oss andre ikring.

Hipp, Hipp Hurra x 24