Seinsommar

Seinsommaren 2011 har hatt ustabile luftmasser her vest. Sol og regn om kvarandre. Heile tida. Det er fleire som undrar seg over om vi i det heile teke har hatt sommar i år, eller om den årstida har teke ein ufortjent pause. Eg fann varmen i Bulgaria i juli, og var svært nøgd. Men ein Italia-tur i byrjinga på september var likevel på sin plass. Eg fekk vere med å feire Jenny og Allan i Tremezzo. Det heile var magisk! Nydeleg par, vakre omgivnadar, badebasseng, Como-sjøen og fine folk. 

Feiringa var ikkje heilt slutt. Helga etter var det duka for fest i Bergen. Solveig og Even har fått ring på fing, og ein heidundrande heilaften stod for tur. Gler meg til neste kapittel i 2012!

Sånn elles er dagane fylt med gode vener, trening, barneskule, montering av møbler(arg...flatpakker!) og lesing. I helga er mødrene Kirkholm og Evensen på visitt i Stavanger. Skjønne Linnea og Samuel bergtek oss alle. Ha ei fin helg!


3 kommentarer:

Sang Tao - Judith sa...

Det va et fint par, ja:) Hurra for billige flatpakkar!

Hilde sa...

Så flott bilde av brudeparet - flink fotograf! Har du fleire, og litt tid til overs, må du gjerne sende på e-post :)

Anonym sa...

Fintflott!!!